Publisert av:
24/7/2009 19:54
Klare for finalen
I kveld slo Stord-laget Lørenskog i semifinalen. Det stod 1-1 etter ordinær tid etter scoring av Tysnes-jenta Rikke Vermedal, med eit skot frå over 20 meter.
1-1 stod det også etter ekstraomgonger og det måtte straffekonk til for å avgjera denne semifinalen. Victoria Søreide var den som avgjorde straffekonken med Stord sitt siste mål frå krittmerket.
Dermed er det duka for Dana Cup finale i morgon mot engelske Ipswich Town.