Kjøper Ensy-bygget

Publisert av:
30/11/2010 12:00

I kommunestyret tysdag vart det avgjort at kommunen skal kjøpa Ensy-bygget på Eie.

Bladet Tysnes skreiv sist veke at formannskapet med fem mot to røyster gjekk inn for kjøp. I det ekstraordinære kommunestyremøtet i dag vart det også fleirtal for kjøp.

I følge lokalavisa er kjøpesummen 6,3 millioner kroner. Rådmannen tilrådde at kommunen ikkje kjøpte Ensy-bygget.

Ensy-bygget er der ein håpar Rieber & Søn vil etablera seg med Vestlandslefsa.