Både små og store bidrog under samlebåndsmonteringa av skrog og skuffer.

Kjøkendugnad i Frilund

Publisert av: May Britt Meland
26/3/2019 21:46

Laurdag 23. mars, stilte bygdefolket opp på dugnad for Lunde Ungdomslag. Laget, som er 100 år til neste år, har investert i nytt kjøken i ungdomshuset «Frilund».

Ungdomshuset «Frilund» er eit viktig forsamlingshus for Lundabygdo, og Lunde Ungdomslag har gjennom år avsett midlar til nytt kjøken. Dette vil gjera huset enno betre eigna til små og store arrangement frametter.

Før dugnadsfolket stilte til innsats laurdag, hadde Nils Kåre Fjeldet Lunde og Kristoffer Lunde hatt arbeid i fleire dagar med å fjerna det gamle kjøkenet og gjera kjøkenrommet klar for oppgraderinga. Nytt kjøken var bestilt og levert frå IKEA. «Berre» monteringa stod att.

Med godt oppmøte gjekk monteringa av skrog og skuffer unna i stort tempo, og dungadsgjengen fekk tatt unna store delar av kjøkenjobben.

Kjøkenet tek form.

 

Også ute vart det gjort ein innsats for å leggja taknedlaup i røyr i bakken, og det vart gjort generell pynting. Ein dugnadsgjeng tok seg også av maling av vindaugssprosser og oppfrisking av malinga på scenen.

Undervegs var det monaleg høve til kaloripåfyll, med servering av både vaflar, kaker og lunsjmat.