Publisert av:
5/5/2015 09:38
Kjenner nokon att denne rutebåten?
Jostein Hovdenes lurte på om det er hans oldefar Jacob Martinusson Hovdenes (1858-1934) som ror i forgrunnen. Han visar kopi av et gammelt bilete tatt på Uggdalsvikjo med «Ole Vaage-huset» i bakgrunnen.
Vidare etterlyste han på Tysnesingen nokon som kunne hjelpa han med å identifisera rutebåten.
Arne Tvedt kunne fortelle Jostein Hovdenes at båten heiter D/S ”Farmann”, tilhøyrte A/S ”Øybuen”. Den gjekk i rute mellom Bergen og Stavanger frå 1908 til 1910, då gjekk selskapet konkurs. Byggd som ”Heater Bell” i 1881, forliste i 1918.
Meir informasjon om båten finn ein her på skipsarkivet i Rogaland.