Publisert av:
10/12/2008 23:00
Kjempegodt show
Det var ikkje berre rektoren ved Tysnes skule som var imponert over det musikalske mangfaldet 10.klassingane viste fram.
Det var ståande trampeklapp då det tre timar lange showet var over.
Det som særprega årets show at det var så mange forskjellige som framførde song, sketsjar, forteljingar, dans, musikkspel, film og andre ablegøyar. I tillegg så fungerte showet perfekt, og all æra til dei bak scena for at alt gjekk som smurt. Her var alle med!
For dei som ikkje fekk med seg juleshowet i går kveld, vert det ein ny sjanse i kveld fredag. Det skal vera nokre billettar igjen – så løp og kjøp!!