Kjempeflott juleshow

Publisert av:
15/12/2010 22:24

Sist torsdag og fredag inviterte 10.klasse frå Tysnes skule til juleshow i Vonheim. Det var fullt hus og stormande jubel.

Dei starta showet med innmarsj og felles song “Celebration”. Deretter fulgte sketsjar, juleforteljing, film- og bileteframsyning, dans, gitar og pianospeling, og masse fin song. I tillegg var det ytterlegare to felles songar frå elevane med “True colours” og “We go together”.

Og publikum likte det dei fekk sjå og høyra og 10.klassingane fekk ståande applaus for juleshowet deira.

Her er litt bilete frå kvelden: