Kjekk tur!
16/1/2018 08:47
Årets fyrste sundagstur med Lundegrend IL.
Lundegrend IL inviterte til sundagstur til Steinåsen på Malkenes på sundag.
35 personar tok turen til toppen i friskt vintervêr.
Torstein Fjeldet Lunde fortel til Tysnesingen.no at det for ein del år sidan var tradisjon i Lunde med turar i regi av Lundegrend IL. Den tradisjonen er no tatt opp att med ein fast sundagstur i månaden, der Lundegrend IL stiller med bål og kaffi.
-Sundagsturen er meint som ein sosial treffstad, og skal bidra til at folk kjem seg ut og nyttar dei ulike turstiane som er i Lunde.
Neste sundagstur er 18. februar.
Turmålet då er Fiskjevatnet rundt. Det vert fyr i bålet på Reset på Grimsland kl. 12-14.
Me vonar både store og små vil nytta høvet til ein fin tur og ein kjekk drøs rundt bålpanna!