Kari Bremnes og Fiflet/Hamre til Tysnesfest

Publisert av:
8/5/2013 06:25

Fliflet/Hamre er eit orkester som verkeleg er noko for seg sjølv. Med trekkspel og trommesett supplert med song, melodika og gryter, har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt ein heilt eigen stil som har begeistra både publikum og kritikarar i mange ulike miljø.  

I Fliflet/Hamre sin musikk står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje:

Rå balkantoner dundres ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske ettertenksomheter, norske kystmelodier eller italienske partisan-sanger.  Og Harald Sæverud dras med på 9-takts-kalas hos serbiske sigøynere … 

Iblant lar Ole Hamre trommene kvile, og lagar vakker og uhørt musikk på melodika eller sitt eige gryteinstrument Hamrofonen.  – Eller tar på seg steppeskoa!

Gruppa er kjent for sitt tette og levande samspel, og har opptredd på eit tjuetals norske festivalar; bl.a. på jazzfestivalane i Molde og Kongsberg, samt folkemusikkfestivalen i Førde.  Ei rekke turnéar og festivalbesøk i Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Belgia og Skottland.

Fliflet/Hamre fører saman musikk av ulikt opphav, og skapar eit eige, personleg landskap.

Både folk med lakksko, bunad, svarte skinnjakker eller cowboyhattar lar seg villig førast rundt i deira fargerike hage! Kontrastane er store, men opplevinga er heil.

Duoen skildrar, med eit skeivt smil, målet sitt om å henta verda heim til Bergen – og gjera noko med den.

Fliflet/Hamre har gitt ut platene “Ivar Aasen goes Bulgaria”, “Moro post mortem – live”, “Gabriole” og “Eine kleine Kraftmusik”. 

På oppdrag frå NRK 1 laga dei to vennene i 1996-97 TV-serien “Fliflet/Hamre Kraftakvarium”.

 

Kari Bremnes til Tysnesfest for å opptre i Kjevikjo!!

Etter sist haust, med stor jubel for både plate- og konsertversjonen av «Og så kom resten av livet», er Kari Bremnes band klar for ein liten forlenging av same turné.

Albumet «Og så kom resten av livet» var ein av haustens store salssuksessar og 34 konsertar gjekk for fulle hus i både Norge og Tyskland. 

«Mitt mest personlige album», seier ho sjølv om plata «- Jeg skriver om å ha kommet dit i livet der du har god utsikt til både bakover og framover. Og der ser du jo absolutt litt av hvert.» 

Kari Bremnes har med seg bandet sitt som består av; Bengt Hanssen, tangentar, Helge Norbakken, trommer, Sondre Meisfjord, bass, Hallgrim Bratberg, gitarar, og Asle Karstad.

Kari Bremnes har vunne Spellemannsprisen tre gonger.

Nordvendt, europeisk, ope, stort, personleg og melankolsk – er ord som kan knytast til Kari sin musikk.

Den enorme spennvidda i konsertane hennar er ein signatur for Kari Bremnes band. Frå det lysaste til det ganske mørke og rå. 

Og hele tida med eit nærvær til folk og livsskjebnar. Kari har skreve songar i 20 år og gitt ut 13 soloalbum. 

Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med eit stort konsertpublikum i fleire land og eit platepublikum over heile verda.