Folkemøte om konsekvensar for Tysnessamfunnet med ny ferjedrift

Tysneshallen
4. oktober kl. 18:00

Det vert folkemøte på Tysnes om konsekvensar for Tysnessamfunnet med ny ferjedrift, og det vert representantar frå Hordaland Fylkeskommune med bl.a Fylkesordførar Anne Gine Hestetun, Konstituert fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen, Leiar i samferdselsavdelinga Håkon Rasmussen, Leiar i Skyss Målfrid Vik Sønstabø og ordførar i Tysnes Kåre Martin Kleppe.

Slik ser forslag til program ut:

18:00 – 18:05 Leiar av pendlarforum ynskjer velkomen
18:05 – 18:50 – Representant frå Hordaland fylkeskommune orienterer om framtidig ferjedrift i Hordaland fylkeskommune
– Anbodsgrunnlag
– Autopass
– Miljøsatsing
– Nye kontraktar frå 2020
18:50 – 19:00 – Pause
19:00 – 19:10 – Kommentar frå ordførar i Tysnes kommune
19:10 – 19:20 – Kommentar frå ordførar i Hordaland fylkeskommune
19:20 – 19:55 Plenumsdebatt, med spørsmål frå salen til politikara og administrasjon i Hordaland fylkeskommune, og Tysnes kommune
19:55 – 20:00 – Avslutning ved leiar i Tysnes pendlarforum

Alle som har interesse for temaet er med dette invitert til møtet