Familiemiddag i Kyrkjeståvo! påmelding

Kyrkjeståvo
18. november kl. 15:30

Hei hurra, hurra, hurra no håpar me mange vert glade!

For vi som driv kyrkje her på Tysnes har lyst til å innvitere store og små på middag i den fine kyrkjestova vår.

For eit av dei viktigaste oppdraga kyrkja har er å vere diakonal, det vil seie å gjere det Jesus gjorde, han laga til så menneke fekk mat, fekk høyre, til fekk kjenne seg verdifulle.

No vil vi prøve å få til slike møteplassar der vi kan sjå kvarandre og kose oss i lag.

Dette har vi lenge drøymt om, det å kunne kome saman til god mat og hyggelig prat.

No kastar vi oss utpå og innviterer til familiemiddag:  gryterett og ris fyrstkomande måndag
18. november. Du kan kome mellom 15.30 og 17.30. Då vil vi ta imot og servere god mat.

Fordi det skal lagast mat treng vi påmelding seinast 15. november. Dette kan skje til kyrkjekontoret eller prest.

Velkommen til SUPER – Måndag med fiks ferdig middag for heile familien i Kyrkjeståvo  kl. 15.30 – 17.30.

Kom til ferdigdekka bord og nyt ein ferdiglaga middag, og kaffi, saman med mange andre- små og store.

De kan sjølv velje når de vil komme, og gå når det passar. Vi har tenkt det som eit handslag i ein travel kvardag og som ein møteplass på øya vår.

Prisar:
Barn kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie maks kr 150,-

Påmelding innan 15. november til:

Kyrkjekontoret, marit.i.espedalen@tysnes.kommune.no, eller telefon 412 62 844