Publisert av: Nicholas Kleppe
27/12/2019 07:58
Julequiz del 5
I dag er det tredje juledag. Dei fleste er tilbake i arbeid, men heldigvis er det fredag og helga er innan rekkevidde. Her kjem tre nye spørsmål.
Spørsmål 13
I jula et me kanskje meir søtsaker enn vanleg, men kva for søtsak, som er basert på ei nøtt, er ekstra populær i jula?
Spørsmål 14
Kva heiter dei tre største øyane i Tysnes kommune?
Spørsmål 15
Kva for 3 amerikanske presidentar har blitt stilt for riksrett?
Svara frå alle dagane samlar du i ein e-post og sender til post@tysnesingen.no søndag 29/12 innan klokka 23.00.
Hugs å skriv namn og telefonnummer.