Publisert av: May Britt Meland
9/12/2018 08:42
Julebakst på programmet
Fredag 7. desember var det tid for julebakst på kjøkenet på Tysnes skule. Tysnes Bygdekinnelag og Tysnes Frivilligsentral hadde invitert flyktningar i kommunen til bakedag.
På menyen stod julekaker, og det vart baka tre ulike sortar. Jorunn Støle Bjordal frå Bygdekvinnelaget fortel om ein koseleg dag, der alle koste seg med baksten. For dei fire damene og fire mennene som deltok, var dette ei smakfull innføring i norske juletradisjonar.
Det vart laga tre ulike sortar julekaker, og her er litt av dei ferdige resultata som flyktningane fekk med seg heim.
Foto: Jorunn Støle Bjordal