Publisert av:
29/12/2008 09:57
Julatrefest i Lunde
I går kveld var det julatrefest i Lunde bedehus.
Skulekoret song tre songar for dei mange frammøtte. Deretter gjekk store og små rundt julatreet, før den store overraskinga kom – nemleg nissen. Han hadde sjølvsagt noko lurt med i sekken sin til alle ungane.
Til slutt var det laga til matservering i kjellaren og avslutta ein fine kveld i bedehuset.