Jula på Mandelhuset

Publisert av:
15/12/2014 11:24

Mandelhuset har sjølvsagt i år igjen eit rikt program for alle og ein, med livemusikk, DJ, minikonsert, «open scene» og Quiz, vonar me at alle vert nøgd. Me gler oss til ein koseleg Jul saman med våre kjære gjester.

Programmet er som følgjer:

20. desember: Årstein live (dører ope frå 23:00 grunna lukka selskap)

1. jul: DJ Sindre. 

2. jul: Dj Helge 

3. Jul: Trubadur. 

28. des: Minikonsert m/ Bernhard Auran kl 20:00, open

scene etter konsert.

INFO:

MINIKONSERT

Med den utflytta Tysnesingen Bernhard Meier Auran.

OPEN SCENE

Etter minikonserten vil det vere “open scene” der alle som har noko å framføre, er velkommen til å bidra. Det kan vere ein song du ynskjer å spela, (kanskje har du skrive han sjøl?) ein tøff gitarsolo du har øva lenge på, eller kanskje eit dikt du synest fortjener publikum. Her har alle lov til å bidra, røynde som nybegynnarar.

Mandelhuset håpar på eit lydhørt publikum denne kvelden, og at mange ynskjer å bidra på «open scene».

 

30. des: Nyttårsquiz med Kåre!

Me opner kl 21:00 alle dager utenom søndag 28. desember, då er me ope frå kl 18:00.