Johannes Heggland på Facebook
24/2/2009 20:47
“Forfattar-nestor Johannes Heggland døydde i fjor, 89 år gammal. Aktiv til det siste. Sjette bandet i serien “Tusen vårar” kom ut 3-4 veker etter gravferda. Johannes var ein kapasitet av dei store – som kritikarrost forfattar, dramatikar, historikar. Og som organisasjonsmenneske, m.a. som formann i forfattarforeninga. Det er no laga ei Facebook-side til minne om han – og no vil me gjerne ha MASSEVIS av tilhengjarar og vener! Sida vil bli jamnleg oppdatert.”
Mange tysnesingar er på Facebook -og det vil vera flott om flest mogleg vitjar sida, skriv seg inn som “tilhengjarar” og gjerne legg att ein kommentar eller eit personleg minne om Johannes. Sida vart lagt ut i går, og nokre tilhengjarar – mellom dei fleire kjende yngre forfattarar – har byrja å siga inn. Vis at Johannes Heggland framleis tyder noko for Tysnes!
Søk etter Til minne om Johannes Heggland eller denne bruk linken >>>