Publisert av:
25/11/2013 07:14
Jenter 12
Jentene leda frå første stund og lot ikkje Bømlo få komme innpå dei. Alle jentene tok tak i spelet og gjorde ein kjempejobb både i forsvar og i angrep. Nesten heile laget er på skåringslista og alle leverer ein god kamp, dei seks fyrste måla hadde seks ulike målskårarar.
Veldig kjekt å sjå den gode utviklingen dette laget har. I målet er det også fleire jenter som gjer ein kjempeflott jobb:) Dei er allsidige!
Sluttresultatet vart 20 – 7 til Tysnes.
Desse var med: Maria, Julie, Kristine, Emma, Ingeborg, Signe, Petra, Eline, Norunn
Tekst og foto: Lena Epland