Jentene i flaumen

Publisert av:
12/1/2011 14:56

Me har vore i byen i 4 dagar og fått med oss utviklinga av katastrofen; frå ekstremregn til oversvømmelse av gater, hus og butikkar. Dei aller fleste butikkane i sentrum der me bur er stengde, og matvarebutikkane er heilt tomme for vatn, brød og frukt.

I dag er det forventa at vassmassene skal nå toppen, og frå hostellet vårt kan me sjå bubilar, flytebrygger og andre gjenstandar komme flytande nedover elva. Veldig surrealistisk, men også fascinerande å følgja dette på trygg avstand.

Planen vår var å reise frå Brisbane på mandag, men fordi alle vegane ut frå byen er stengde lyt me venta til fredag. Grunna alt regnet let naturleg nok brunfargen vente på seg, men me er alle ved godt mot og kryssar fingrane for at me får ein flott tur vidare til Whitsundays og Fiji.

Helsar til alle kjente og kjære heime på Tysnes!

Klem frå Ragnhild, Connie og Stina i Brisbane.