Jentelaget vann
19/6/2011 15:25
Ein strålande vårsesong for jentelaget vart avslutta med heimekamp mot Nymark på Reiso laurdag. Kun tap 0 – 2 for Halsnøy på bortebane, resten sigrar, har resultert i 2 plass på tabellen.
Laurdagens kamp var spelemessig dårleg, særleg i fyrste omgong. Gjestene leia 3 – 2 ved pause, etter at Renathe og Helene hadde gitt Njardar 2 – 0 leiing. Jentene trudde kanskje dei kunne ta ferie då, men slik er ikkje fotball. Innsats er nøkkelen til all suksess!!
2. omgong dominerte Njardar-jentene. Mange store sjansar vart brende, men Renathe og Helene laga kvart sitt mål, medan Nymark-jentene knapt nok var over midtbanen. Dermed nok ein siger til jentene.
No står Norway-cup for tur som neste spennande oppgåve for jentene i slutten av juli. For underteikna ventar opphald på Lærdal sjukehus som neste stopp. Eit totalt bruskmanglande kneledd gjer at protese må inn så snart som mulig. Eg takkar jentene for samarbeidet i vår og ynskjer dei lukke til med Norway-cup og haustsesongen.
Desse har spela vårsesongen. Helene Jekteberg Bakke – Hanne Storesætre – Monica Rennesvik Borgen – Alexandra Tatiana Helland Fenne – Heidi Kongsvik Hjelland – Ida Kristine Kleppe – Renathe Hagen-Lunde – Henriette Vevatne Lunde – Helena B. Storesætre – Ina Borlaug – Michelle Rennesvik Borgen.