Jåttutstilling opna
26/6/2010 16:39
Rundt 70-80 personar var til stades då leiar i Venelaget for jåttustillinga, Hans Ole Dalland, opna det heile klokka 16 i ettermiddag.
Dalland fortalde litt om bakgrunnen for utstillinga og dei nære tradisjonane Tysnes og tysnesingar har med jåttseglarane i Amerika. Mange av dei frammøtte i dag under opninga var etterkomarar etter jåttseglarane frå byrjinga av 1900-talet. Han takka også eigarane av flytenaustet og sponsorar for velvillig hjelp og støtte til prosjektet.
Vidare var det musikk frå Cathrine Moss/Karsten Iversen/Kolbjørn Tvedt og Anders Bakke. Engjel Vaage, barnebarn av Eng. Vaage som var ein av dei store jåttseglarane, haldt også ein liten tale.
Etter opningsseremonien strøymde folk til utstillinga inne i flytenaustet, som vil vera med og marknadsføra Tysnes på ein fin måte.