Innhaldsrik nettside

Publisert av:
13/4/2016 16:01

Bibliotekleiar Knut Rage ved Tysnes folkebibliotek fortel at den nye nettsida har mange spanande moglegheiter.

Ein kan søkja etter bøker i samlinga, senda meldingar til biblioteket og lesa om arrangement og prosjekt biblioteket arbeider med.

– Visste du t.d. at utvalet av ebøker aukar for kvar veke som går, og at alt du treng å gjera er å lasta ned ein brukarvennleg app og henta ned bøkene der du befinn deg?

– Eller at du kan søkja i fleire tusen lokalhistoriske bilete, inkludert 2000 bilete frå Tysnes?

Kikk innom den splitter nye nettstaden til biblioteket, og ta ein titt på alt biblioteket kan tilby!

Adressa er enkel: www.tysnesbibliotek.no