Publisert av:
1/6/2011 18:43
Ikkje berre redusert fart
Som tidlegare skrive her så skulle fartsgrensa ned på Halhjemsvegen, og måndag kom 70-skilta på plass og trafikantar som skal til og frå med Våge-ferja må roan litt på gassen.
På ei anna strekkje kan ein imidlertid trykka litt meir på gasspedalen. På strekkja ved Storestraumen ved Søfteland er fartsgrensa no heva frå 50 km/t til 70 km/t. Her har det jo vore 70-sone før, men for ein del år sidan vart strekninga 50-sone og det har vore ein plass der fleire har blitt tatt i kontroll.
Men no er det altså 70 km/t fartsgrense her, melder midtsiden.no.