Hans Christian Haaland (tv) og Yngve Vevatne testar ut lesebenken framfor det unike biblioteket. Foto: Patrick R. Madsen

Hold av laurdag formiddag!

Publisert av: May Britt Meland
10/5/2018 08:52
Storslagen opning av Barmsund Styrehusbibliotek og velkommen heim til Russlandgutta våre i Lada Tour.


Det blir korpsmusikk av utvalgte frå Tysnes Musikklag, kake og saft, Ordførar Kåre Martin Kleppe talar, stand med Tysnesfest.

Laurdag 12. juni kl 14:00 i Våge Gjestehamn

Litt meir info rundt biblioteket:
Idéen kjem frå «little free library», ein organisasjon som oppmodar folk til å byggja og registrera små, gratis minibibliotek. – Prinsippet er at når du tek ei bok, så legg du ei igjen. Slik sirkulerer bøkene. Konseptet finnes fleire stader i verda, og er no på Tysnes.