Hjarteleg velkommen til Solheimsdalen
7/6/2016 04:35
Etter meir enn 2 år med restaureringsarbeid er Solheimsdalen Grendelag no klare til å opna skulemuseum. Det blir ei markering av dette søndag 19.juni klokka 16. Det er ordførar Kåre Martin Kleppe som står for sjølve opninga, og saman med lett musikalsk underhaldning, kåseri og omvisning satsar me på at dette skal bli ein triveleg ettermiddag for både store og små.
Jostein Sandsmark, forfattar av boka «Små korn frå min heimeåker», og som sjølv gjekk på denne grendeskulen, kjem for å lesa frå den kritikarroste boka. Her blir det fleire gode historiar frå vår nære, men likevel så fjerne fortid.
Det blir også sal av enkel mat og drikke.
Det er ikkje mogeleg å parkera ved skulen, så ein lyt køyra til parkeringsplassen ved Skjolde (som brukast ved utfart til fjellet) og deretter gå langs vegen tilbake, men me råder sjåførane til å sleppa av passasjerar ved skulen.
Arrangementet er i utgangspunktet tenkt utandørs (vêravhengig) så me oppmodar om å kle seg etter tilhøva.
Hjarteleg velkommen til Solheimsdalen og til Tysnes sitt nyaste tilskot på kulturfronten!
Solheimsdalen Grendelag v/Hans Tore Brekke