Publisert av:
5/5/2015 18:55
Hestmanden
Tore Atle Humlevik fortel til Tysnesingen at “Hestmanden” er det einaste eksisterande skip som segla både i 1. og 2. verdskrig.
Skipet vart i si tid bygd på Laksevåg i 1911. Etter krigen vart det brukt av Høvding til mellom anna opphogging av skipsvrak langs kysten.
Hestmanden har i mange år vorte restaurert og er no i nærast opprinneleg stand.
Skipet har dampmaskin , men denne er ikkje operativ enno, så skipet blir slept til Bergen.
Bileta er frå 2013 då Tore Atle Humlevik vitja skipet i Kristiansand.
Foto: Tore Atle Humlevik