Heimetap

Publisert av:
21/4/2012 13:46

I sesongens første heimekamp møtte Njardar sitt a-lag Krabbetor 2.

Njardar fekk ei god opning på kampen, då Aksel Lande scora etter berre eit par minutt. Berre fem minutt etter utlikna Krabbetor, og så midtvegs i 1.omgongen auka gjestane til 2-1 som stod seg til pause.

I første halvtimen av 2.omgong var det litt meir fart i Njardar-spelarane. Men sjølv om dei hadde ballen mykje, så skapte dei ikkje dei heilt store målsjansane. Terje Vevatne utlikna til 2-2 og Njardar var i seget.

Men så glapp det eit par gonger bakover i dei siste ti minutta, og Krabbetor fekk to kjappe mål og dermed vann dei 4-2.

Desse var med:
Kjartan Hagen, Torstein Flakke, Daniell Hauge Hansen, Endre Vermedal, Andreas Langeland, Ørjan Malkenes, Roy Inge Korsnes, Aksel Lande, Steffen Opdal, Eivind Skorpen, Terje Vevatne, Aleksander Instøy, Tommy Gundersen, Nils Eivind Hansen, Andreas Bakke.