Heimetap

Publisert av:
24/9/2011 20:07

Smågutelaget til Njardar møtte ein god motstandar i Rosendal på Reiso-graset i dag.

Njardar fekk verst tenkjeleg start då Rosendal etter berre ti minutt leia med tre mål. Heimelaget klarte ikkje å koma seg inn att i kampen.

Rosendal køyrte på og vann til slutt heile 12-1. Trøystemålet til Njardar kom frå Benjamin Peters.