Heim frå skuletur

Publisert av:
3/6/2011 20:57

For ei veke sidan la tiandeklassingane frå Tysnes skule i veg til Stirling-området i Skottland. Tysnesbussen frakta dei til Sola flyplass og frå der fauk dei til Aberdeen.

I Skottland har dei denne veka budd i grupper i ulike vertsfamiliar. Men no er skuleturen over, og fredag kveld landa dei på Sola flyplass igjen og gjorde seg klar for Tysnesbussen sin retur frå Stavanger og nord til Tysnes.

Det er venta at dei er tilbake i heimkommunen i 1-2-tida i natt.