Publisert av:
1/5/2013 15:07
Hardangerfjord- seminaret 2013
– Formidling av kunnskap er viktig for dialogen omkring forvaltinga av fjordarealet, miljøet, villfisken og akvakulturnæringa. Årets program byr i tillegg på ein bolk der vi set søkjeljoset på moglegheiter knytt til eit Naturbasert reiseliv og kva dette kan bety for ein lokal verdiskaping og økonomi. Og elles, som alltid på Hardangerfjordseminaret, dagsaktuelle tema, engasjerte foredragshaldarar og ikkje minst eit svært kvalifisert og aktivt publikum, seier Sven-Helge Pedersen i Hardangerfjord villfisklag.
Nærare informasjon får ein ved å venda deg til:
Hardangerfjord Villfisklag Sven-Helge Pedersen 95175308 villfisk@gisp.no
NJFF-Hordaland Alv Arne Lyse 91148154 lyse@njff.org