Har du ein draum om å driva din eigen «campingplass»?

Publisert av:
2/7/2016 13:25

Det er kanskje ikkje alle som kjenner seg igjen i overskrifta, men her kan du tena deg nokre kroner, samstundes som du får mogelegheita til å bli kjend med nye folk.

Tysnesfest har ingen anna rolle i dette enn å leggja til rette for at kontakten kan opprettast. Avtalar, prisar og anna må skje på campingvertane og gjestene sitt ansvar og premissar.

Me vil på det sterkaste oppmoda både camp vertar og camp gjester om å fylgja retningslinene for trygg camping. Avstand på minimum 3m mellom bueiningar og bygningar er kanskje ein av dei viktigaste.

Me har oppretta ei Facebook-gruppe der du kan ytra ditt tilbod eller ynskje om camping. Denne finn du her: https://www.facebook.com/groups/1057936197625558/