Håper på livleg pinsehandel
29/5/2020 11:51
På laurdag vert det butikkar både inne og ute i Våge.
Hos Nisjekroken vil dei vise fram mange av produkta ute. I tillegg til salg av varer, vil det bli seld vafler og kaffi.
To av utstillarane hos Nisjekroken kjem og har stand på marknaden, Ingeborg Strand og Johanne Gram Langeland.
Ingeborg Strand lagar skulpturar og pyntegjenstander i både glass og pyrotex. Ho har verkstad og galleri i Sagvåg på Stord, Galleri Vest. Skulpturane tåler å stå ute, og er fine på terrassen. Dei tåler både vatn og frost.
Johanne Gran Langeland lagar keramiker og strikk.
Pinsehelga er det som regel mykje folk på øya , og ein reknar med at det vil det verta også i år.
Våge sentrum sin “giveaway” på Facebook, vert også trekt denne dagen. Det er eit gavekort på kr 1000, som kan brukast i ein av butikkane i Våge.