Handballturnering på Husnes – jenter 9 år

Publisert av:
27/10/2010 17:05

Tysnes IL har meldt på to lag til sesongens miniserie for jenter 9 år og skal fram til slutten av mars spela 6 turneringar.

Sesongens fyste turnering blei litt amputert sidan Stord og Fitjar trekte sine lag, men Husnes stilte med eit lag ekstra i tillegg til at Bømlo stilte med eit lag.

Tysnes kvit (omdøpt til rosa) og Tysnes lilla spelte to kampar kvar mot Husnes (Kvinnherad) sine tre lag.

Tysnes Rosa vant fyste kampen 9-4 (3-0) mot Kvinnherad 1 etter storspel av Eline i mål og mange skåringar av Julie.

Tysnes Lilla følgde opp med flott spel mot Kvinnherad 2 og vann til slutt 21-11 (12-3).

Dei to siste kampane gjekk samtidig, men då var ikkje Tysnes-jentene lika fokusert lenger. Tysnes Rosa tapte 10-14 (5-6) mot Kvinnherad 2, mens Tysnes Lilla tapte 12-15 (8-6) mot Kvinnherad 3.

Tysnes Rosa: Maiken Helland Kongsvik, Julie Bakke, Petra Sløgedal, Signe Pettersen Opdal og Eline Sandven

Tysnes Lilla: Malene Skår Hagen, Emilie Haugstad, Kristine Flygansvær, Maria Lillesletten Hagen og Ingeborg Flakke

På ferjo heim igjen var alle enige i at da hadde vore ein kjempekjekk tur te Husnes.

(Alle bilete: Kathe Haugstad)