Handballskule

Publisert av:
3/9/2010 15:42

Det er Tysnes Idrettslag som arrangerer handballskulen.

Flest jenter, men også nokre gutar, frå dei yngste aldersgruppene var først ut i dag. Alle fekk utdelt ny rosa t-skjorte med handballskule 2010 på og handballspelarane vart instruert av Jorunn Dalland og Torbjørn Onarheim.

Den yngste klassen er 8-10 år, den eldste er i alderen 11-13 år. Handballskulen går fredag, laurdag og søndag med innlagte matpauser undervegs. Søndagen vert avslutta med ei miniturnering.