Hærverk

Publisert av:
5/11/2009 09:58

Politiet fekk klokka 21.41 onsdag kveld melding om mannen frå Os som då hadde slått handa si gjennom eit glasbord og eit par vindauge. Då politiet og ambulanse kom til husværet i Uggdal, rabla det heilt for mannen.

Mannen skal også har vore i sjøen før han vart liggjande utanfor huset i nokre buskar.

Mannen vart køyrt til Stord sjukehus for behandling, før turen gjekk vidare til Bergen der han hamna i fyllaarresten. Mannen skal i tillegg har oppført seg trugande.

Osingen som saman med ein kamerat reiste over til Tysnes tidlegare på onsdagen skal ha vore åleine om hærverket.

Det er RadiOs som melder dette.