Publisert av:
9/10/2009 19:57
Gratulerer
Ei gladmelding kom frå Egypten i går
at arabiske netter konsekvensar får –
for Jonny har lagt seg på kne for å fri
og Elin visste godt kva svaret sku bli
om ho vart litt satt ut – skjøna først ingenting
så svara ho rett og det kom fram ein ring.
Den glitrar og skin om kapp med dei to
som har funne lukka saman, og no
blir det nok planar for neste steg
me ventar i spenning på kva for veg
dei vel, kva dei synest er best.
Kanskje blir det ein bryllaupsfest?
Glade foreldre på Flygansvær og i Knepet gratulerer med alliansen.
Søsken, svograr/svigerinner og tantebarn helsar også.