Publisert av:
11/1/2014 08:50
Grasrotandelen
Grasrotandelen som er administrert av norsk tipping, gir deg som spelar muligheit til å vere med å bestemme kva for eit lag eller organisasjon som får 5 prosent av speleinnsatsen din.
Grasrotandelen gjeld for alle Norsk Tipping sine spel, bortsett frå Flax, Extra og Belago. Dette er fordi Flax vert spela uregistrert, alt overskotet frå Extra går til stiftinga Helse og Rehabilitering og på Belago vert overskotet fordelt via dei lokale bingohallane.