Granplanting på Todløyo
9/11/2009 08:25
I staden sørgde me for at det i lier, skårar og steinurder vart planta gran – med litt over eit plantegrevs avstand mellom dei unge spirene. Grunneigarane fekk tilskot til planting, og denne innkoma kom jo vel med. At all denne granskogen skulle nyttast til noko når den var utvaksen, var ikkje alltid det vesentlege. Og så heitte det seg at gran ikkje spreidde seg ved frø på vore kantar.
Skuleelevane hadde plantedagar – til vanleg ei kjærkomen avveksling frå bibelsoge og reknebok. Men det hende at vêret kunne skjemma ”fridagen”, og arbeidsfolket kunne då helst sjå økta så stutt som mogeleg. Då kunne det sakta verta planta tvilling- og trillingtre – ja, kanskje nokre firlingar og femlingar òg.
Då storskulen på Skjellevik skule planta gran på Todløyo ute i Skjelleviksundet ein vårdag i det Herrens år 1953, var sola oppe heile dagen, og plantene vart sette på skikkeleg vis. Grunneigarane Amund M. Skaten og Alfred Hetlelid hadde på førehand svidd av heile øya, og all oska skjemde trivselen ein smule.
På biletet har arbeidsfolket pause for avfotografering.
I første rekkja frå venstre står Annbjørg Hetlelid, Harald Helland, Ivar Skaten, Inger Hetlelid, Andreas Hetlelid og Magnhild Skaten. Bak står Astrid Hetlelid, Olav Skjellevik, Elling Hornenes Skartveit, Grim Sveinung Skjellevik, Odd Skjellevik og læraren Andor Bakke. Heilt til venstre Amund M. Skaten – til høgre ligg Alfred Hetlelid.