Publisert av: May Britt Meland
23/6/2020 21:37
God stemning i Apalvika
I Lunde var det mykje folk som hadde møtt fram for å feire Jonsok i denne fine midtsommarkvelden. Her var det fyrt opp både bål og grill. Nokre nytta høvet til ein drøs, andre grilla, medan dei sprekaste ungdommane tok seg ein dukkert.
Trekkspeltrioen Olav Høgestøl, Gunnar Teigland og Bjarte Nerhus hadde reine turneen i kveld, fyrst underheldt dei i Våge og så stod Lunde for tur. Kjekke karar og dyktige musikantar som syter for ei perfekt midtsommarstemning!