Publisert av: May Britt Meland
31/1/2025 08:27
Glad torsdagstur-gjeng
Vetlebølstjørna ligg mellom Vevatne og Skaret. Her var det ivrige turvandrarar møttest denne torsdagen.
-Me gjekk rundt vatnet. Litt vått terreng, men det vart ein fin tur i granskogen og den utruleg fredelege, mosegrodde skogbotnen, fortel Kirsten Nesse.
Neste veke planlegg me tur opp Sandalen med parkering ved gravplassen (Belt).
Med høge støvlar under høge tre og mykje på hjarta, er det alltid kjekt på tur.