Gjenopning av galleriet på Breidablikk

Publisert av:
7/4/2014 18:43

Laurdag 12. april vert det gjenopning av Galleriet på Breidablikk.

Salsutstilling

Marianna Heggland Brungot – rosemåling
Britt Kjellesvik Rage – dokker i folkedrakter
Magne Kjellesvik – grafikk og akvarell 

Marianna Heggland Brungot, busett på Tysnes og Osterøy, og Magne Kjellesvik som er busett på Stord, er begge vakse opp på Tysnes og er syskenborn. Britt Kjellesvik Rage er syster til Magne og syskenborn til Marianna.

Kunsten deira har på kvar sitt vis ei lokal forankring, og det var såleis naturleg at valet fall på nett desse kunstnarane då Galleriet på Breidablikk opnar opp dørene att, etter mest to års pause. 

Om utstillarane:

Marianna Heggland Brungot tok for alvor til med rosemåling i 1986  og har sidan måla utallege skrin, kister, boller med meir. Marianna måler i ein småfin stil og bruker dei gamle reine og klåre fargane frå kring 1850. Ho har teke ei rekkje kurs innan rosemåling, men har funne fram til sin eigen stil. Marianna har rosemålingsverkstad på Heggland på Tysnes.  Eit unikt høve til å sikra seg tradisjonsrikt kunsthandverk!

Britt Kjellesvik Rage har gjennom mange år skaffa seg eit namn som dokkemakar, då særleg med sine figurar kledde i autentiske folkedrakter som har fått mykje omtale, m.a. i utanlandske tidsskrift. Ho lagar også tøydokker til born, klede og middelalderplagg.

Magne Kjellesvik treng neppe nokon nærare presentasjon. Sidan 1970-talet har han vorte ein av dei mest folkekjære biletkunstnarane i Sunnhordland, med ein stor produksjon og ei lang rekkje utstillingar bak seg, hovudsakleg grafikk og akvarell.   

Om galleriet:

Galleriet på Breidablikk opnar att i påska etter ein mest to år lang pause etter husbrannen som råka Breidablikk i november 2012. Hus og utstillingslokale er no restaurert tilbake omlag slik det var då bygningen stod ny i 1907. Galleriet vil bli drive som eit kunstgalleri med vekt på lokale kunstnarar og talent som fortener å få koma fram i lyset. Me vil også tidvis arrangera boksal, i tillegg til ein galleributikk, og du kan alltid slappa av i den fem mål store hagen vår.

Når og kvar: 

Ope i påska 2014 frå laurdag 12. april til og med måndag 21. april kl 12-16

v/ Tysnes kyrkje

Tlf. 46 77 25 90

www.dokkegalleriet.no