Gang- og sykkelveg?

Publisert av: May Britt Meland
9/6/2018 12:49

Som ein ser av oppsummeringa av innkomne stemmer: Lesarane meiner vegen mellom Uggdal og Våge er farleg for syklande og gåande.

 

I siste «Di meining» lurte me på kva lesarane tenkte om spørsmålet:
Kvifor bør me få gang og sykkelveg mellom Uggdal og Våge?

 

Her er ei oppsummering av innkomne stemmer:

61 % meiner «Vegen er direkte farleg for syklande og gåande, slik den er no.»

15% har trua på at «Folk får betre helse ved å gå, springe, eller bruke sykkel.»

10% ynskjer lågare fart med alternativet «Unødvendig – Set heller ned fartsgrensa og bruk pengane på andre vegprosjekt på Tysnes.»

8% ynskjer fleire bussavgangar og haka av på «Vegen er bra nok som den er, eit betre kollektivtransport vil vere det rette.»

5% meinte gang- og sykkelveg vil bidra til at «Born og ungdommar får ein større friheit i kvardagen.»

Kun 1 % valde alternativet «Miljøet sparast for unødvendige utslepp av klimagassar.»

 

Kva seier ordføraren om saka?

Tysnesingen tok kontakt med ordførar Kåre Martin Kleppe for å høyra kva kommunen tenkjer om å realisera ny gang og sykkelsti mellom dei to bygdene.

Kommunen drøftar dette prosjektet i lag med fleire andre vegprosjekt i kommunen. Gang og sykkelsti mellom Uggdal og Våge er eit av prosjekta som står høgt på prioriteringslista. Dette er imidlertid et nokså kostbart prosjekt slik at ein er heilt avhengig av finansiering frå fylket. Ein vil på lengre sikt også sjå på om det er mogleg å nytta statlege ferjavløysingsmidlar til vegprosjket på Tysnes når ferja sluttar å gå mellom Våge og Halhjem.

For å vera proaktiv med tanke på framdrifta vil kommunen vurdera å ta initiativ for få i gang planarbeidet med ein vegpakke der dei ulike prosjekta er kostnadsberekna. Ordføraren vonar dette vil gjera at fylkeskommunen lettare kan ta stilling til mellom anna finansiering av ny gang og sykkelsti mellom Våge og Uggdal.

 

Denne gongen lurer vi på:
-Korleis du har innretta deg etter tørke og restriksjonar på vatntilgang?