Gamle åkle frå Tysnes

Publisert av:
19/1/2009 13:11

Me har kontakt med Kristi Skintveit, Jondal. Ho driv firmaet KristiAneVev, og arbeider med å gje ut ei bok om gamle åkle i Hordaland. Boka er tenkt å koma i 2010.

Me ynskje å samla bilete av det som finst på eller frå Tysnes, for å sjå om noko kan brukast. Til no har ho fått lite stoff frå denne delen av fylket.

Me ynskjer det som er gamalt, gjerne noko du har funne i uthus. Det gjer ikkje noko om det er skittent eller fillete, det som er av interesse er mønstera og dei falma fargane.

Har du noko, så ta kontakt på tlf. 53432031 eller 90056050. Me kan koma rundt på øya og fotografera, så bestemmer Kristi Skintveit kva som eventuelt kan brukast.

Tysnes Husflidslag