Publisert av: Martha Nygård Lande
4/10/2020 11:34
Fyrste samling for Barnas Turlag Tysnes
Mange deltakere og ein vellykka dag for Barnas Turlag laurdag 3. oktober.
Leiar i Tysnes Turlag, Rebekka Høgestøl, er stolt og imponert over dei frivillige, og ikkje minst alle deltakarane på Barnas Turlag Tysnes si fyrste samling, som var på garden til Arnhild S Lunde.
_
_
–
Ho ynskjer å gje ei stor takk til Arnhild S. Lunde som har tatt på seg å starte Barnas Turlag.
_
Dette var eit kjempegøy arrangement, som inneholdt både å helsa på sauer og høner, erteposespill, lage bål på Lars Monsen`s vis, grilling og fleire andre gøye ting. Rebekka vil og gje ein takk til dei frivillige som var med og hjalp til.
_
_
–
Også maskoten til Barnas Turlag, Turbo, kom innom for å helse på borna denne dagen.
_
_