Publisert av: May Britt Meland
12/8/2025 09:51
Fullt hus på Sommargøy
Laurdag 9. August var det fullt hus og god stemning då Tysnes Ungdomslag inviterte til Sommargøy – Basar og gøy i Vonheim.
På det velfylte gevinstbordet var det mange flotte gevinstar for store og små, så åresalget gjekk unna.
I pausane var det også mogleg for dei minste å freiste lykka på lykkehjulet.
Det var flott underhaldning av Lola Linda Poder som framførte tre sogar og Bernhard Auran som bidrog med 4 dikt frå eigen diktsamling.
Stor spenning rundt borda under trekking av årer.

Sjå på alle desse flotte gevinstane!

Stor spenning når lykkehjulet snurra.
