Publisert av: May Britt Meland
3/4/2026 13:26
Fullt hus i Frilund
Nok ein vellukka Idrettsbasar for Lundegrend idrettslag. Frilund var full i begge etasjer og basastemninga på topp.


Me viste bilder frå det spennande Padelprosjektet på storskjerm, og kom i påskestemning med herlig underhaldning frå Fredrik Elholm frå Kattaneset og Sara Linn Iversen. Resultatet var over 60 000kr.

Ein basar krever mykje av laget og me er avhengig av andre enn sjølve styret på eit slikt arrangement. Det har vore så mange flinke dugnasånder som bidrar med baking, tillaging, smøring av rundstk, gevinstar, gå med loddbok, underhaldning,opprydding og vasking mm.
No tar me påskeferie med god samvit 🐣
Lundegrend Idrettslag