Full Rulle-bilen til Malia

Publisert av:
3/5/2012 19:42

Malia-butikken i Våge får torsdag 10.mai besøk av Full Rulle-bilen mellom klokka 17 – 19.

Då kan du få tips frå fagfolk innan husmaling. I tillegg til eksperttips og demonstrasjon av eksteriørmaling blir det gode tilbod på Gjøco produkt.

På programmet står også Tysnes Trykkvask med liften sin, der barn kan få seg ein liten luftetur. I tillegg vert det eit lite hoppetelt og grilling av pølser.