“Fugl-Fønix” på Ølve
8/1/2009 06:43
I 1986 blei det umulige mulig… På Husnes var det Kvinnheradsmesterskap i Rock.
Frå den vesle bygda Ølve, kom det eit band og rysta rockefolket i Kvinnherad. Dette vesle bandet var Sahara Band, og Sahara Band tok publikum på Husnes med storm, og vann likegodt heile tevlinga.
Sahara Band reiste rundt på 80-tallet og spelte til dans på samfunnshus og hotell i heile regionen.
Men på slutten av 1986 var det slutt. Sahara Band vart oppløyst.
So etter 23 år, er Sahara Band tilbake med orginalbesetningen frå 1985 !
Sahara Band består av: Knut Arild Haugland (vokal), Stig Håvik (piano/keyboard/vokal)
Rune Haugland (gitar/vokal) Magnar Helvik (trommer) Jan Magnus Aasen ( bass/vokal)
Helge Hordås (gitar)
I eit nyoppussa samfunnshus på Ølve den 17.januar 2009, står Sahara Band på scena. Dette må du verkeleg få med deg !
Det er ikkje kvardagskost med reunion’s etter 23 år, men Sahara Band er klar
til å få deg til å rocke og danse etter toner frå 70 og 80-talet, og
ein heilt ny Sahara Band-låt har dei òg på repertoaret !
Me snakkast på Ølve 17.januar, ; her vert det Sahara-trøkk !!!