Frivillig- påmeldinga er open
8/3/2016 12:22
Saman skal me laga DEN stemninga og opplevinga for tusenvis av feststemde menneske.
Som Tysnesfest- hjelpar ventar me oss at du:
· møtar til avtala tid, opplagt , edru og klar til dyst.
· gjer ditt beste i den oppgåva du er satt til.
· er 18 år, med unntak av einskilde oppgåver.
· er høflig og positiv og tar utfordringar med eit smil.
Som Tysnesfest- hjelpar får du:
· kjenna på Tysnesfest frå innsida.
· oppleving av fellesskap med gode kollega.
· treffa nye vener.
· mat og drikke medan du arbeidar.
· festivalens tøffe t-skorte med logo av årets artistar på.
· tilbod om å delta på friviljug-fest.
Litt info om oppgåvene:
Tryggleiks-vert: Trafikk, scene, streif, innslepp, rydding. Ei flott og variert oppgåve for den som likar å treffa folk, ta i eit tak, være festivalens blide fjes utad, vegvisar, humørdempar og humørspreiar og «tempo-ryddar».
Arrangement og teknisk: Rigging, bæring, montering, banking, rydding og organisering, medan du syng ein vakker song. Ei oppgåve for spreke, arbeidsame, kraftfulle folk, med godt humør. Arbeidet er før og etter festivalen.
Camping: Tryggleik og camping-vertar. Campingens blide åsyn utad, som hjelper til med å laga mat, rydda, tøme boss, vaska, grilla, snakka med gjestar og gje eit velmeinande ord til ein stakkar på sin bortkomne veg. Ei allsidig oppgåve. Det fins dags-, kvelds -og nattevaktar.
Crew og artistpleie: Desse skal stella, fiksa og legga til rette for artistane våre, og syta for at dei får eit best mogleg opphald her på Tysnes. Ei «tause Birgitte» i korridorane, som skal ha fokus på Comfort og humør.:) Dette vert eit arbeid for utvalgte.
Publikums-service: Med mat , drikke, bong og billettsal i fokus. Ei viktig oppgåve, kor du skal gjera alt i di makt for at gjestene har det absolutt bra. Du må gjerne tåle eit høgt tempo, og samstundes stråla med ditt gode humør.
Samferdsel: har trafikk og parkering i fokus, og er perfekt for deg med sans for rette linjer. ( Ps: kan og utløysa frustrasjon pga. dårlege parkerings-vanar hos folk flest. Løysningsorientert er eit nøkkelord, og med smilet på lur løysar du oppgåva med suksess.
På Tysnes har me masse flotte, positive og flinke friviljuge som stillar opp og slår ring om Tysnesfest. Me er utruleg glad for at du deler litt av di tid med oss, og at me i lag kan skapa magi på sommarens jubileums- festival.
Ikkje nøl, meld deg her: Påmeldingskjema for frivillige
Les artikkelen på Tysnesfest sine sider.