Friluftslivets år 2015

Publisert av:
1/7/2015 08:40

2015 er friluftslivets år og i det høve har Samarbeidsrådet for Sunnhordland invitert til konkurranse der ein skal kåra årets beste turbilete i Sunnhordland. Det vert kåra ein vinnar i kvartalet som går vidare og kan verta kåra til årets bilete.  Meir informasjon om konkurransen kan de lesa her.

Vinnar av første kvartal vart Ketil Skjolde frå Tysnes. 

Vinnar av andre kvartal er Bjarte Dalland som bur i Stavanger. Bilete er teke på Siggjo.

Juryen har i si vurdering lagt vekt på at bilete syner liv, turglede og fin natur, bra komposisjon, klare fargar og god bildekvalitet.

Juryen består av ordførar Ruth Eriksen, Sveio kommune, informasjonssjef Simon Knutsson Sortland, Bømlo kommune, leiar i Stord/Fitjar Turlag, Gerda Øen og dagleg leiar i Samarbeidsrådet, Gro Jensen Gjerde.