Brassgruppa i aksjon under eit tidlegare besøk av Ladegården Korps.

Frelsesarmeen kjem til Tysnes

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/11/2019 12:00

Eit fast innslag i Tysnes bedehus om hausten, er song- og musikkveld med Frelsesarmeen, Ladegården Korps

Fredag 15. november tek dei igjen turen til Tysnes. Som tidlegare slike kveldar står korpset for heile programmet. Dei stiller med brass- og korgruppe, dei held andakt og vitnesbyrd og får med seg alle frammøtte på fellessongen. Programmet er alltid prega av inspirasjon.

I pausen vert det servert god kveldsmat, og folk får eit godt høve til å drøsa, noko som vert sett pris på.

Mange har sans for Frelsesarmeen sitt flotte hjelpearbeid, som blir verdsett og viser godt resultat. Om nokre veker er det tid for Julegrytene, der mange frivillige stiller opp og gjer ein innsats for Frelsesarmeen.

Under song- og musikkvelden blir det kollekt med høve til å støtta Frelsesarmeen. Tysnes bedehuslag håpar på eit godt frammøte og ynskjer velkomen til ein fin kveld.

 

H.O.D