Fredagskafe for TV-aksjonen 2019
15/10/2019 12:25
Nå er det hennes tur
Årets TV-aksjon går til CAREs arbeid for kvinner sine rettigheter.
Fyrstkomande søndag, 20. oktober, går årets TV aksjon av stabelen. TV-aksjonen NRK har blitt arrangert ein søndag i oktober kvart år sidan 1974, og det norske folk har samla inn over ni milliarder kroner, som har gitt titalls millioner mennesker livsviktig hjelp.
Årets TV-aksjon skal skape eit betre liv for kvinner i nokon av verdas mest sårbare områder. TV-aksjonen skal gje 400 000 kvinner mulighet til å tjene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få si stemme høyrt.
På fredag arrangerer Tysnes skule kafè i forbindelse med TV-aksjonen. Arrangementet, som er i Tysneshallen, er ope for alle, og skulen håpar flest mogeleg vil ta turen innom, også dei som ikkje er føresette til borna.
Meir opplysninger om fredagskafeen, finn du i kalenderen til Tysnesingen.
Du kan lesa meir om årets TV aksjon her.